Vi tilbyr

Leig ein middelaldergard og nyt ein eksklusiv og annaleis type ferie med spennande aktivitetar!

GARD MED UTSIKT

Skåri Høgdegard ligg 225 m.o.h. på ei fjellhylle med vakkert utsyn mot Mørkridsdalen, Skjolden, fjella og fjorden. Vi ligg innerst i verdens lengste og djupaste fjord og er omkransa av nasjonalparkar, brear og flotte fossefall. 

ROM MED EI HISTORIE

Alle rom har komfortable senger og hyggeleg atmosfære, er unike og inspirert av middelalderen med vakkert interiør. Det er felles dusjar og toalett i Badehuset i tillegg til toalett/dusj i Tårnhuset. 

Eit opphald på Skåri er for familiar og mindre grupper på 2-14 personar i minimum 2 døgn. Ein disponerar garden åleine med full forpleining.

SOV EI NATT I FJØSEN

Den som vil ha rette historiske stemninga, kan besøke utedoen vår og tilbringe ei natt i Steinfjøsen. Då får ein kjenne litt på korleis det var å leve for fleire hundre år sidan. Den gongen var det vanleg å dele husrom med dyra for slik å utnytte varmen betre. I Steinfjøsen kan vi lage til senger med ekte halmmadrasser og store, varme heimelaga skinnfellar. Den som vil kan prøve ei natt (eller nokre timar) i selskap med nokre av dyra.

ØKOLOGISK TRADISJONSMAT

Når det er tid for mat så samlast vi ofte i Tårnhuset. Enkelte måltid blir servert i røykstova, i eit av dei andre husa eller ute på grillplassen. I Tårnhuset ligg den vesle "Tårnbaren", der du kan nyte din apèritif eller cafè avec i stova. Mat og drikke kan du lese meir om HER

UTFORSK OMRÅDET MED OSS

På garden har vi tilbod om mange og ulike aktivitetar for små og store. Vi legg til rette for flotte turar i naturen omkring oss og til velkjende attraksjonar i området. Sjå kva vi kan finne på HER

Skåri - for mindre grupper!

Ei gruppe kan vere frå 2 personar men her trer minsteprisen inn. Hovudproduktet vårt er overnatting, mat og aktivitetar for opptil 14 personar i minimum 2 dagar.

Dagsbesøk

Dersom vi har ledig kapasitet, kan vi ta på oss dagsbesøk. Det produktet vi da kan tilby er omvisning med påfølgjande lunsj. Ta kontakt med oss på e-post for tilbod. 

Obs! Vi held alltid ope for spontane rombestillingar og kan aldri stadfeste dagsbesøk i god tid på førehand, kun like før. 


Skåri ligg midt i eit populært kulturlandskap. Vi har dessverre ikkje noko tilbod til alle dei som er på tur i området og ønskjer å gå gjennom garden for å sjå. 


Skåri er ein privat gard med privat veg og som vår gjest blir du verna om på alle måtar.