Skåri - den perfekte base for flotte turar!

Skåri ligg mellom 3 nasjonalparkar; Jotunheimen, Breheimen og Jostedalen. Det vakre fjellområdet Hurrungane ligg også nær. Eit fantastisk turterreng berre minuttar unna. 

Vi har guidar som tek deg med på tur dit du vil. Eller rettleier deg om du ønskjer å utforska på eiga hand.

Det er mange attraksjonar og aktivitetar i området, nokre av dei finn du under.



Book utflukter samtidig med overnatting hjå oss HER


Kva vil du sjå og gjere?

  • Mørkridsdalen og Nørdstedalen, Breheimen nasjonalpark
  • Tur til vårstølane Rebnisli og sommarstølen Skåristølen eller til fjellstølen Myrasete

  • Fjelltur til Tussen 1232 moh. og fantastisk utsikt over tinderekkene 

  • Brevandring på Jostedalsbreen Europas største fastlandsisbre 478 km2
  • Galdehøgpiggen, Noregs høgste fjell 2469 moh eller Galdehøgpiggen Klatrepark
  • Biltur på Tindevegen frå Turtagrø og kort panoramatur til Berdalsfjellet 1340 moh
  • Urnes stavkyrkje, Norges eldste frå 1130 og på UNESCO si "World heritage list"
  • Turtagrø med Store Skagastølstind 2405 moh og Hurrungane sine mange toppar
  • Fanaråken 2068 moh med flott utsikt mot toppane i Jotunheimen
  • Rolege padleturar eller fartsfyllte rib-turar på Lustrafjorden, ein arm av Sognefjorden 208 km
  • Tur til Feigefossen (218 m), Åsafossen (130 m) eller Drivande fossen (50 m)
  • Sommarskisenteret på Sognefjellet, Norges høgste fjellovergang 1434 moh
  • Brejuving, blåistur og elverafting i Jostedalen

  • Fjordsightseeing med yacht på bestilling

  • Fiske og jakt i sesongen

Ut på tur

Tussen er eit fjell på 1232 moh. Frå Skåri tek det omlag 4 timar å gå på toppen. Vi utfordrar deg gjerne til å sette av ein av dagane til denne 10 timars turen.  Opplev tinderekka i Hurrungane, Jotunheimen, fjorden som slynger seg inn mellom fjella og den vakre Fortunsdalen og Mørkridsdalen i fugleperspektiv. Inkludert lokalkjent guide, matpakke og lån av fiskeutstyr. 

Photo: Arne Johan Fortun

Foto: Arne Johan Fortun
Foto: Arne Johan Fortun

Fantastiske Sognefjellet, Europas høgaste fjellovergang (1434 moh) og Jotunheimen Nasjonalpark ligg berre 30 min unna. Mange merka turstiar med ulike vanskegrader.

Fannaråken (2068 moh) er eit populært mål og har ei fantastisk utsikt over Jotunheimen og Hurrungane. Galdehøgpiggen er Noregs høgste fjell (2469 moh) og ligg mellom Sogn og Lom.

Nigardsbreen, ein arm av europas største fastlandsisbre og midt i Jostedalen Nasjonalpark (478km2). Litt over ein time i bil, så er du der. Daglege breturar heile sommaren. Flott turterreng.

Unike Mørkridsdalen med sin flotte natur, rike fauna og flora ligg 10 min unna med bil. Her er porten til Breheimen Nasjonalpark, eit fantastisk turområde. Stort stølsområde med beitedyr og eit levande kulturlandskap. Her finnest mange gode fiskevatn og jaktområder. Mange oppmerka stiar, for folk i alle aldrer.

Den vakraste plassen?

Mørkridsdalen og Skjolden, 

208 km inn i landet, innerst i verdens lengste innlandsfjord, Sognefjorden