Skåri og Stibyggjaren A/S

Ruiner blir til ein gard.

Skåri har truleg hatt busetnad i fleire tusen år. Garden ligg 225 moh og har direkte sollys heile året. Den gode næringsrike jorda ligg i terrasser nedover beskytta av nøysomt bygde steinmurar som held på verdifullt vatn og næring.

I 1861 budde det ein storfamilie på 26 personar i Skåri. Det var mor, far, bestefar, bestemor, to onklar, 18 born, dreng og taus. Dei var sjølvforsynte og levde av den grøderike garden. Larsastova vart på denne tida flytta frå garden Berge i Fortun til Skåri, som medgift i eit giftemål. Det var omlag 20 hus på garden med smått og stort, då som no. I 1946 vart garden fråflytt men i 1993 kom det nye folk til gards og dermed også veg. Men, berre eit fåtal hus var i slik stand at dei kunne brukast. 

I 2000 kjøpte Geirr Vetti garden og starta det møysommelege arbeidet med full oppattbygging og restaurering av alle hus. Dei gamle veggene vart bygd inn i ny kledning på utsida og arbeidet vart gjort etter gammal byggeskikk for å bevare alt så autentisk som muleg. Der husbukken hadde fråtsa, vart alt brent og nytt erstatta det gamle. Den urgamle og robuste rasen skotsk høylandsfe fekk gå og beite ned den totalt overgrodde garden og sakte men sikkert kom kulturlandskapet fram att. Vetti er snekkermester, sjølvlært arkitekt, treskjerar og rosemålar. Dette kom godt med når ideane og draumane om ein gard skulle realiserast. Etterkvart fekk han god hjelp av sherpaer frå Nepal med muring og bygging. Etter mange år med hardt arbeid i Skåri, kunne garden opnast for turistar sommaren 2018. 

Samarbeidet med sherpaene hadde forlengst utvikla seg til eit arbeid som omfatta bygging av steintrapper og murar rundt om i heile landet og firmaet Stibyggjaren vart skipa i 2012. Frå starten med 2 sherpa i arbeid har no Stibyggjaren over 40 sherpa frå byen Khunde i Himalaya i arbeid. 

Arbeidet til Geirr Vetti med Skåri og med Stibyggjaren har resultert i fleire utmerkingar:

• ARILD HÅLAND sin RESTAURERINGSPRIS, 1995

• RIKSANTIKVARENS KULTURMINNEPRIS, 2012

• LUSTER KOMMUNE KULTURPRIS, 2012

• CLAUS HELBERGS MINNEPRIS, 2014

• VAKRE VEGARS PRIS, STATENS VEGVESEN, 2014 



Gamlevegen opp til garden, restaurert og lagt i steinsti og steintrapper av sherpane.

Sherpaene i Stibyggjaren A/S arbeidar med stein over heile landet også i deler av Sverige.