Ei reise i tid


Ei gammal utløe med pipe
Ei gammal utløe med pipe

Dei eldste husa

Bygningar frå Middelalderen til 1900-talet.

Larsastova vart flytta til Skåri i 1861 som medgift i giftarmål. Den stod då på garden Berge i Fortun. Ei omfattande restaurering vart gjort tidleg på 2000-talet. 

Men dette er langt ifrå det eldste huset på garden.

Larsastova 2000
Larsastova 2000
Larsastova 2019
Larsastova 2019

Stabburet

Det eldste huset på garden.

Stabburet var truleg tidlegare eit sengeloft, før det vart brukt som lagringsplass for mat, slik som idag. Det som er sikkert er at det er svært gammalt. Riksantikvaren har vist interesse for dette huset og håpet er å kunne stadfeste nøyaktig alder. Det ein trur er at dette huset daterer heilt tilbake til rundt 13-1400 talet. Det er fantastisk å ha eit så gammalt hus på garden! 

Den eldgamle veggen er delvis blottlagd slik at ein ser det gamle. Men, resten er godt beskytta av ny kledning. Arbeidet er gjort på tradisjonelt vis, med trenaglar i veggen. Døra til stabburet er pryda med St. Olavs rosa.

Bualoftet

Eit sengeloft frå tidleg 1600-talet

Bualoftet var tidlegare ei røykstove som vart påbygd eit loft i 1697, dette kjem tydleg fram av at det er brukt to ulike laftemetodar oppe og nede. Her kan gjestene våre få oppleve den spesielle atmosfæra i dette huset, heilt fritt for elektriske påverknader. 

Røykstova

Røykstova frå 1790

For mange år sidan var det svært lite skog i Skåri og ein måtte ty til andre måtar for å varme opp husa. Her ser ein tydleg at taket er sota av røyk. Huset har eldstad men ikkje pipe. Røyken la seg i taket og varma opp huset. Ein regulerte røyken med å opne ei takluke. På den vesle hemsen over eldstaden fekk dei eldste og borna ligge, der var det varmast. 

I Røykstova er det stemningsfullt og ta med gjestene våre for eit måltid. Vi kan servere lunsj og få til underhaldning av lokale song- og musikkrefter her inne.

Dei 3 steinhusa

3 steinhus på garden

Ofte var det vanleg med kun eitt steinhus på gardane, i Skåri er det tre. Grunnen kan være mangelen på materialer på den tida. Det var nesten ikkje tre i Skåri, men det var fleire steinbrudd. Nedanfor garden ligg det eit steinbrudd som visstnok folka nedi bygda også benytta seg av.

Steinstova frå 1600-talet står der i all sin prakt. Her er det planar om å få til møterom eller selskapslokale.

Den store steinfjøsen frå tidleg 1600-talet er den største i Sogn og mellom dei største i landet. 70% av den måtte takast ned og mykje øydelegt treverk måtte fjernast og erstattast. Inne i fjøsen er det ei oppkomme, så ein kan nesten seie at fjøsen hadde innlagt vatn. I dag er den i bruk for geitene våre.

Den gamle smia står oppe, men treng framleis litt arbeid for å skine att.