Overnatting 

Sovne til bekkesus, vakne til fuglekvitter!

Soveromma på garden har unike møblar i bondestil frå tidsepokane rundt middelalderen. I middelalderen var som oftast møblane tunge, gjerne laga i eik og hadde utskjæringar i drake- eller slangeliknande motiv. Romma på garden har ulike stilar, kvar for seg.



Dobbeltrom i Tårnhuset

Frå Tårnhuset

Vakre antikvitetar

Vi har 4 dobbeltrom, 3 enkeltrom og 1 trippelrom. 

I andre etasje i Tårnhuset har vi 3 dobbeltrom og 3 enkeltrom, det eine med utgang til romsleg veranda med utsikt mot Drivande fossen i Mørkridsdalen. I første etasje ligg toalett og dusj, stove, spisesal og kjøkken.

På "Løa" har vi brudesuiten, som vi likar å kalle det. Eit koseleg rom med ei heilt spesiell seng og eigen veranda med fantastisk fjordutsikt. Vegg i vegg ligg løa, der turrhøyet blir 

Når det gjeld komfort, så er ikkje Skåri gammaldags. Her har vi moderne og komfortable kvalitetsmadrasser, luftige sommardyner og puter med dunfjærer. Enkelte rom har tempur madrasser som formar seg etter kroppen. Hjå oss skal du sove godt og nyte opphaldet både dag og natt.

Høyr gjerne på stillheita her oppe, eit lite under i seg sjølv.

Badehuset ligg midt på garden. Her finn du fem dusjar og fire toalett, sauna og boblebad i tillegg til badekåper, tøfler og diverse utstyr til alle gjester.  Alt er moderne og flisbelagt, men med ein liten touch av det gamle. 

Kvile og nytelse

Dette er dine private baderom som du deler berre med din familie eller di gruppe.