Om oss

Gardsstyrar: Sigfrid Beathe Myklebust

Sigfrid kom flyttande til Skåri frå Lillestrøm i 2011 med sonen Daniel. Tidlegare hadde ho teke utdanning gjennom medisinstudiet og arbeidde som kinesiolog og neurotrainerer. Hennar store lidenskap var og er dyr, spesielt hestar. Ho har utdanninga si som rideinstruktør frå studiar i Norge og Italia og har også konkurrert på landslagsnivå innan sporten. Som trener var ho ein del av hestemiljøet på austlandet i mange år, og framleis er dette ein kjær hobby. 

Ho har dei siste åra vore gardsstyrar i Skåri og har med eit glødande engasjement investert mykje tid i å bygge opp det reiselivsproduktet som garden er i dag.

Sigfrid har tilegna seg mykje kunnskap som gjestene nyt godt av i opphaldet på garden. Ho er vertinna di, men du kan også gjerne sjå ho i traktoren, på hesten, som guide, i urtehagen eller på kjøkkenet i full gang med din middag. Maten er alltid heimelaga frå botnen av, med økologiske råvarer frå garden.

Eigar: Geirr Norman Vetti

Snekkermester og Husdoktor Geirr Vetti er kjend for restaurering av gamle hus og gardsbruk over heile Vestlandet.

Han kjøpte garden og flytta til Skåri i Mørkridsdalen i mai 2000. Her starta han sitt største restaurerings-prosjekt med å sette istand bygningar og kulturlandskap på garden Skåri. Draumen er å ha en gammal gard med gamle norske husdyrrasar og drive slik eit gammalt vestlandsk gardsbruk vart drive. Dette ønskjer han å kombinere med å ta imot gjester frå heile verda.

Geirr Vetti driv idag firmaet Stibyggjaren, som saman med Sherpaer frå Nepal byggjer stiar over hele landet. I tilegg driv han med restaurering av gamle hus, er arkitekt, konsulent og han held føredrag. Arbeidet medfører mykje reising over heile Norge og Sverige. Han har vore med i fleire ulike TV program som til dømes " Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» og «Lindmo».

I løpet av åra har han fått mange utmerkingar for arbeidet sitt;

ARILD HÅLAND RESTAURERINGSPRIS 1995

LUSTER KOMMUNE KULTURPRIS 2012

RIKSANTIKVARENS KULTURMINNEPRIS 2012

CLAUS HELBERGS MINNEPRIS 2014

VAKRE VEGARS PRIS 2014 

Sal, marknadsføring & booking: Turid Øiene

Turid er utdanna innan reiseliv og marknadføring og har språk som si spesielle interesse. Ho har vakse opp i ei reiselivsverksemd i nabobygda Fortun. På garden held ho seg mest på kontoret i hønsehuset, der ho arbeidar med rutinar, sal, marknadsføring og booking. Hennar bakgrunn innan reiseliv og kultur er nyttig når visjonar og idear skal planleggast og gjennomførast. 

Gjennom mange år i ulike deler av reiselivet har ho tilegna seg mykje kunnskap om attraksjonane og aktivitetane i regionen. Ho vil gjerne ha tett kontakt med gjestene på garden og du kan snakke med henne på norsk, engelsk, tysk eller fransk.

Du kan også møte ho i arbeid rundt på garden, i fjøsen med dyra,  i full gang med matlaging på kjøkkenet eller servering. Ho er også ein av guidane på turane til dei ulike attraksjonane i områet.

Sommarhjelp: Wioleta Polakowska

Sommarhjelpa vår dei siste sesongane kjem frå Polen og kom for første gong til Skjolden i 2015.

Wioleta har studert sosialøkonomi og økonomisk marknadsføring heime. På garden er arbeidet hennar for det meste på kjøkkenet, der ho har lært mykje om norske mattradisjonar. Men, du kan også treffe ho rundt om på garden i gang med ulike oppdrag.

Ho er interessert i kultur og natur og kan etterkvart mykje om det allsidige turtilbodet rundt Skåri.