Møter & selskap

Skåri - ein plass for inspirasjon!

Vi har møterom i Geitefjøsen til 20-25 personar. Her kan vi servere forfriskningar og arrangere små aktivitetar i pausane. Geitefjøset er bygd som ei stavkyrkje så her er det høgt under taket. Vi har wifi, projektor, lerret, flip-over og det ein treng for å kunne jobbe effektivt. 

Geitefjøset kan også dekkast til fest for bedrifter som ønskjer julebord, styremøter, leiarmøter, kick-off eller andre arrangement for dei tilsette.

Privatpersonar kan også bestille selskap i Skåri med og utan overnatting.