Ein historisk gard, ei spennande soge!

Skåri ligg på ei fjellhylle 225 m.o.h. Her har det truleg vore busetnad i omlag 3000 år. Dei fleste bygningane som står her i dag er frå Middelalderen, men stabburet er eldre og spora heilt attende til midten av 1300-talet. Tårnhuset ved inngangen til garden, er frå 1920 og bygd i sveitser- og jaktslottstil. Dette vart påbygd i seinare år. Husa er plassert i ei blanding av rekketun og klyngetun. Tunet delar garden, der husa for folk og mat ligg øverst og alt som handlar om dyr og fôr nedanfor.

Skåri er ein av få gardar heromkring med sol heile året og har såleis spesielt god og næringsrik jord som igjen gir gode avlingar. Mørkridsdalen er landskjend for sin rikholdige og spesielle flora. Her kan ein faktisk finne opptil 50 ulike planter og gras på 1 kvm. Det vekte likevel oppsikt i landet då det opprinnelege treet av den skjeldne typen flikblada hengebjørk vart funnen her på garden i 1969. Treet vart deretter omtala som «Skåribjørka» og det karakteristisk, taggete bladet finn du i bumerket til Skåri Høgdegard.

Skåri vart kjøpt av Geirr Vetti i 2000. Husa på garden måtte restaurerast og byggast opp att, då det var fleire hus som kun hadde deler av grunnmuren intakt. Dette var eit omfattande arbeid som tok mange år. Det var tungt arbeid som fleire innleigde arbeidsfolk prøvde seg på men gav opp etterkvart. Men, så fekk Geirr til eit samarbeid med sherpaer frå Nepal og heile arbeidslag med dyktige og sterke sherpaer kom til Skåri. I perioden frå 2000 og til 2017 har ein rekonstruert og bygd opp att eit heilt samfunn av hus, no over 20. Framleis blir det gjort spennande funn frå tidlegare tider i Skåri. Stabburet på garden er datert heilt tilbake til Svartedauden, rundt år 1349.