Garden - unik og eksklusiv!

Garden er idag ei samling ulike hus som kvar for seg og ilag utgjer ein komfortabel men annaleis overnattingsplass for deg som søker det unike og eksklusive. 

Unik fordi det er få, eller ingen, gardar i Noreg som har så mange bygningar restaurert eller oppattbygd på denne måten, heile 3 steinhus på garden og er i privat eige og ikkje museum. Eksklusivt fordi vi tilbyr deg å leige ein heil gard, der du og din familie disponerar alt åleine med all service de treng. Ein ferie som viser norske tradisjonar i eit autentisk miljø, måltider med dei fleste av råvarene direkte frå vår Debio-økologiske gard og ditt personlege opplegg for å oppleve dei fantastiske attraksjonane vi har rundt oss her. 

Les meir om garden og historien bak, her.

Ein annaleis ferie hjå oss!

TÅRNHUSET * HØNSEHUSET * BADEHUSET * DRENGESTOVA * GEITEFJØSET * STEINFJØSEN * UTEDOEN * LØA * STALLEN * STEINSTOVA * STABBURET * RØYKESTOVA * BUALOFTET * SMIA * BAKSTEHUSET og enda fleire hus finn vi på garden. 

Når du kjem til Skåri får du ei historisk reise i tida. Ei spennande historie om korleis folk og dyr levde her, om kulturarven vår og det unike kulturlandskapet.

Skåri har enkelte bygningar som er over 600 år gamle og er truleg den einaste private garden som ikkje er museum, men i drift. Vi tilbyr deg eit opphald fullt av ekte vestlands tradisjonar midt i eit fantastisk naturområde med spennande aktivitetar, dei høgaste toppane, største breane og lengste fjordane.

Opplev ei unik og eksklusiv historie her hos oss! 

Økologisk og nærast sjølvforsynt.

Skåri er ein Debio-godkjent økologisk gard sidan 2017. Vi har eigen kjøkkenhage med mange ulike typar grønnsaker, poteter, urter og bær. Kjøtet vi serverar på garden kjem frå eigne dyr, tillaga på tradisjonell måte og etter gamle oppskrifter. Det å vera ein økologisk gard er forpliktande og vi er konsekvente innanfor gjeldane reglar. Dyra våre får økologisk fôr, gjestene våre får tradisjonsrike måltider basert på økologisk mat og drikke frå garden. Vi nyttar kun økologiske såper og vaskemidlar, og sjølvsagt økologisk gjødsel. Ting vi kjøper inn til bruk på garden er reine produkt.

UTESTAMP

Like ved kjøkkenhagen og Tårnhuset ligg den vedfyrte badestampen der ein kan nyte ei velværestund i alt slags vær. Styggevær med regn og vind blir heilt noko anna i 39 varmegrader og hyggeleg selskap.

BADEKULP

I området like over garden ligg eit lite hus ved ein badekulp, ei oase inne i småskogen like ved fossen. I dette området tilbyr vi meditasjonsstunder med spennande innhald.

BADEHUS

I middelalderen eksisterte det rett nok ikkje dusj og toalett med innlagt vatn. Men her har vi tilpassa oss notida. Romma har ikkje eigne baderom, så ein nyttar badehuset som ligg sentralt plassert for alle. Ein moderande velværeplass med fem låsbare dusjar og toalett, jacuzzi og sauna er samla på ein plass. I tillegg har vi den tradisjonelle utedoen, her er det plass for tre personar i gongen....

Meditasjon

Tempelet blir brukt til bøner og meditasjon. Her ved naturbassenget og fossen er den perfekte staden for ro og tankar.

Grillplassen

Steingrillen er romsleg og praktisk, så her ved langbordet kan det hende du får servert middagen ein lun sommarkveld. Ei fantastisk utsikt over Mørkridsdalen, Skjolden med fjorden og fjella dannar den perfekte ramma rundt ei koseleg matøkt.