Ditt private badehus

Nytt hus i gammalt tun

I middelalderen var det sjølvsagt ingen som hadde bad ved soveromma sine. Det har vi ikkje i Skåri heller. Men, på plassen til den gamle løa som vart brukt til turke av tobakk som ein dyrka på garden, har vi plassert ein liten oase av velvære. 5 låsbare dusjrom, 4 toalett, jacuzzi og sauna kun til din disposjon. Ute på terrassen står den vedfyrte badestampen med fjordutsikt klar til bruk.