Dyra

På Skåri er det godt å leva, for tobeinte og firbeinte. Trym er ein stødig fjording og ein god medarbeidar som må ta i eit tak på garden av og til. Han blir brukt til kløv, høykøyring, ridehest og mykje anna. Prawda er ei irsk fullblodshoppe som kom til garden hausten 2017.  Ho blir brukt mest som ridehest her, og har tidlegare vore veddeløpshest på Øvrevoll Galoppbane og sprunge inn mange pengar. i juni 2019 fekk ho sitt første føll, Ramona av Skåri. 

Vi har i underkant av 20 sauer og lam gåande like utanfor gjerdet eller oppe i høgda. Dei er av rasen Gammelnorsk Spelsau og har flott lang, raggete ull og staselege horn. Den svære og flotte væren, Hulken, er faren til desse. Rundt garden går dei 12 geitene våre, anført av fine Dokka. Dei er av den afrikanske rasen Boer, muskuløse og lette på foten. Både geitene og sauene beitar i høgda, men kjem nedom garden med jamne mellomrom.
 
På garden bur det mange katter. Lillebatman, Svartebart og Gråpusen er vaksne men det hender vi har kattungar på garden også. Labradoren Keano er ein snill og sosial kar, veldig energisk og leiken.

Alle dyra våre, utanom katter og hundar, går utanfor gjerdet som omkransar garden, så her kan du velge om du vil sjå dei litt på avstand eller ha nærkontakt.

Vi minnest Sølvelin med glede <3
Vi minnest Sølvelin med glede <3