Ei reise i tid

Ei reise i tida

Når du kjem til Skåri får du ei historisk reise i tida. Ei spennande historie om korleis folk og dyr levde her, om kulturarven vår og det unike kulturlandskapet.

Skåri har enkelte bygningar som er over 600 år gamle og er truleg den ein av svært få private gardar som ikkje er museum, men i drift. Vi tilbyr deg eit opphald fullt av ekte vestlands tradisjonar midt i eit fantastisk naturområde med spennande aktivitetar, dei høgaste toppane, største breane og lengste fjordane.

Opplev ei unik og eksklusiv historie her hos oss! 

Bualoftet

Eit sengeloft, ein stad der familien eller tenestefolket på garden sov. Dei breide golvborda er laga med øks og huset er frå seint på 1500-talet. Dei gamle veggene fortel si historie og dette er eit hus med sjel. To enkeltsenger er innbygde i veggen og står klare for den som vil tilbringe ei natt fri for påverknad av elektrisitet og dagens moderne hjelpemiddel