BESTILLING 

Leig ein middelaldergard

Skåri Høgdegard er for opptil 14 personar med minimum 2 dagars opphold. 

Din familie/gruppe disponerar då garden åleine!

Vi tilbyr overnatting med fullpensjon, aktivitetar på garden, utflukter m.m. 

Vi skreddersyr gjerne ditt opphold. Be oss om eit pristilbod!

Leig ein middelaldergard med over 20 bygningar, tilsette og dyr


- minimum 2 døgn 

- alle måltider inkludert 

- enkelte av aktivitetane på garden er inkludert

- tilbod om guida bussturar eller guida fotturar 

Aktivitetar på garden - prisar på førespurnad

Tilbring tid med dyra på garden, delta i arbeidsoppgåver om du vil eller velg mellom våre opplagde aktivitetar på garden.  

AKT. 1:

Meditasjon og velvære. 1 time

Ligg i graset og nyt ei guida velværestund i pakt med naturen og stillheita. 

AKT. 2: 

Ridning

Ein 2 timars enkel ridetur i området med guide/profesjonell rideinstruktør. Vi kan også tilby lengre og meir krevande rideturar. Vi brukar våre to hestar og leiger inn fleire ved behov.

Dersom du berre ønskjer ein liten ridetur rundt på garden, er dette inkludert i opphaldet ditt.

AKT. 3:

Massasje

Har du kanskje vore på ein hard fjelltur? Vi legg til rette for litt spa på garden med fot- og handmassasje etterfulgt av eit herleg varmt bad i utestampen. 

AKT. 4:

Fottur 

2-4 timars fottur til vårstølen Rebnisli eller til Skåristølen. Vi tek med kløvhest, matpakke og drikke. Lokalkjend guide. Panoramautsikt.

Ut på tur

Her finn du nokre få eksempel på turar vi kan tilby. Det finnest mange fleire! 

Vi lagar gjerne eit oppleg med pris for di gruppe! Du kan bestille turar i forkant av opphaldet ditt eller etter du har komme på garden.

Når det gjeld vårt spesielle tilbod "KNALLHARDE FJELLTURAR", krev desse spesialkompetanse på guidar. Kun bestilling på førehand.

GUIDA TURAR

A. Dulsete, Mørkridsdalen - 4 timar 

B. Osen-Arentzbu-Hødnevollen - 10 timar

C. Jotunheimen & Berdalen - 3/4 timar

D. Nørdstedalen, Fortunsdalen - 5 timar

E. Åsafossen - 2 timar

F. Drivandefossen - 2-3 timar

G. Feigumfossen - 3 timar

H. Nigardsbreen - 5/6 timar

I. Nigardsbreen - 7/8 timar

J. Tussen - 8/10 timar

K. Fanaråken - 7 timar

L. Galdehøgpiggen (Jotunheimen) - 9 timar 

BESTILLING av Skåri Høgdegard

Opphald/Aktivitetar/Turar 

i perioden 1. mai til 31. oktober

Fyll ut din bestilling. Kryss av og spesifiser i meldingsboksen. 

Du får ei stadfesting av bestillinga på e-post. 

Har du spørsmål før du vil bestille, trykk her!

GENERELLE VILKÅR

Generelle vilkår for deg som ønskjer å leige Skåri Høgdegard. 

Kortid er avtalen bindande?
Når du mottek stadfestinga på din bestilling/betaling, så har vi en gjensidig bindande avtale. Du er ansvarlig for å melde frå om evt. feil ved bestilling/stadfesting i løpet av 7 dager.

Faktura har forfall 60 dagar før ankomst.

Ankomst og avreise

Ankomst etter kl 15 eller etter forespørsel.
Avreise kl 12. 

Du er økonomisk ansvarleg for evt. skader på garden eller interiøret, som oppstår ved uansvarleg oppførsel under ditt opphold på Skåri Høgdegard.

Det er forbudt å røyke innandørs på garden og all bruk av open eld skal vera i samsvar med vertskapet. 

Ønsker du å ha med hund eller andre dyr, skal dette informerast om i bestillinga.

Avbestilling
Du kan avbestille ved å sende e-post til: post@skaarifarm.no eller turid.skaari@gmail.com

OBS! Avbestillinga er kun gyldig, når du har motteke ei stadfesting på avbestilling frå oss. Skåri er eit spesielt produkt som blir tilbydd kun til ei enkelt gruppe/familie i gongen. Ei bestilling åleine betyr at vi har fullt og må avvise andre bookinger. Denne type produkt er ikkje noko ein bestiller spontant. Ei avbestilling betyr mest sannsynleg at vi ikkje får inn ny bestilling på så kort tid. 

Avbestilling er vederlagsfritt fram til 30 dager før ankomst.
Ved avbestilling 29-11 dager før ankomst, må 50% av bekrefta pris betalast.
Ved avbestilling 10-1 dagar før ankomst, må 100% av bekrefta pris betalast.

Dersom det er uenigheit mellom Skåri og kunde og dette fører til ein tvist, skal denne behandlast etter norske lover i Norge.

Ved spørsmål, kontakt oss på e-post: post@skaarifarm.no