Aktivitetar

Aktivitetar på garden

På dagfid kan ein ta livet med ro med små aktivitetar på garden. Forutanom kursa er dette inkludert i leigeprisen av garden.

  • Guida omvisning
  • Meditasjon med guide
  • Ridetur med Trym og Prawda. Rideundervisning
  • Badeaktivitetar i utestampen eller i jacuzzi. Sauna i badehuset.
  • Stell av dyra. Børsting og kos med hestar og geiter, leik med kattene
  • Kurs i baking, pølseproduksjon, karameller, sylting, sying av skinnfell m.m
  • Tur til vårstølen
  • Grilling på uteplassen
  • Norske, gamle leikar for dei minste

Kattene vil gjerne ha kos og klapp, og håpar ofte på ein godbit. Dei andre dyra må ein helst ikkje gi mat utanom det dei får på garden.

Dersom du har lyst, kan du få delta i ulike arbeidsoppgåver på garden.