Privat utleige av ein middelaldergard, kun for deg og dine! Arbeidsfolk, dyr, 20 bygningar til din disposisjon, alle måltid og aktivitetar på garden inkludert. Overnatting i hyggelege rom i bondestil og ditt eige moderne badehus.

Eit ekte eventyr basert på norske tradisjonar.

Den som kjem til oss kjem til ein plass der ro og fred står i høgsetet. Vi gjer vårt ytterste for at våre gjester skal få ei oppleving som dei alltid vil hugse.  Dei historiske husa på garden fortel om eldgamle, norske tradisjonar. Maten er økologisk og heimelaga med ingredienser frå sjølve garden. 

Garden er ein heim, for dyr og menneske, og denne vil vi gjerne dele med gjestene våre.

Romma våre er koselege og rikt utsmykka i bondestil. Alternativt kan vi også tilby overnatting i hus frå 1500-talet, ei heilt spesiell oppleving ventar.

Rolege aktivitetar på garden eller ut på tur til attraksjonane, vi planlegg dagane i lag med gjestene.



SKÅRI - eventyrgarden ved Sognefjorden

Bu godt og senk skuldrene hjå oss.